Det var ein traktor lik denne som natt til tysdag vart stolen i Breim

Traktoren vart funnen i Sogndal

– Ja, dette var eit merkeleg tilfelle, seier Mette Bakka Reed frå Reed i Gloppen etter at traktoren hennar, som vart meldt stolen tysdag,  kom til rette torsdag kveld. Den vart funnen i Sogndal

-Eg lurte fælt då eg ikkje fann traktoren tysdag morgon, fortel Mette om det ho nesten ikkje trudde kunne skje.

-Eg måtte verkeleg tenkje meg om både ein og to gonger før eg faktisk skjønte at traktoren var stolen og kontakta politiet. Eg rekna eigentleg med at den var på veg ut av landet, men det var den altså ikkje. Så dette enda no godt til slutt, seier ein glad og letta traktoreigar.

Nøklane sto ikkje i

- Eg har no fått nokre tips om at ein traktor av same type som min var observert på E-39 utan lys og med ei campingvogn på slep. Akkurat det verka no litt mystisk. Det som er endå meir mystisk er at traktoren vart starta utan att dei som tok den, hadde nøklane. Men eg har fått høyre at eit par sett med traktornøklar er på avvege her i Breim, så det kan altså tenkjast at same nøklane kan brukast på fleire traktorar, seier Mette som er glad og lukkeleg for at traktoren er kommen til rette att. Ho såg nemleg føre seg ein større kostnad med å skaffe seg ny.

Ein tenåring er ifølgje politiet arrestert, og er avhøyrd i saka.

 

 

 

 

 

det var ein traktor lik denne som tysdag vart stolen på Reed i Gloppen.