(Illustrasjonsfoto)

Trailersjåfør omkom

Ein trailersjåfør frå Sogn og Fjordane omkom i natt som følgje av ei utforkøyring i Sjåk i Oppland. Traileren var på veg vestover då den køyrde av vegen ved Billingen. Ei ung jente som var passasjer i bilen vart flogen til sentralsjukehuset i Førde, men har ikkje fått alvorlege skader.