Trafikkulukke i Sogndalsdalen

Ein buss har i føremiddag kollidert med to personbilar like ved Frudalstunnelen, på Sogndalssida av tunnelen.

Tre menneske er frakta vekk med ambulanse, medan ein framleis sit fastklemd opplyser politiet. Rv 5 mellom Fjærland og Sogndal er no stengd. Det var ekspressbussen til Oslo som gjekk frå Førde 09.30 som var involvert i kollisjonen. det er meldt om dårleg sikt og svært vanskelege køyreforhold i området.

Siste

Av dei fire som var involverte i ulukka, er to kvinner kritisk skadde, medan to menn er alvorleg skadde. Alle sat i same bilen.