Vinnarlaget Fairytale i femkampen med vandreskjoldet som dei fekk. F.v.: Lars Røraas, Even Stokke og Trygg Stokke, alle frå Tønsberg.

Tøffe tak for roverspeidarane

– Hinderløypa er nok høgdepunktet på ein slik femkamp, kunne Even Stokke frå Tønsberg fortelje. Even var med på vinnarlaget Fairytale under femkampen for roverar i samband med Jølster-speidarane sitt 20-års jubileum i helga.

Femkampen som gjekk av stabelen på Fossheim ved Håheimsvatnet er eit årleg, nasjonalt arrangement med øvingane orientering, praktisk oppgåve, teori og hinderløype. Arrangørstad blir bestemt av Rovertinget og valet fall altså i år på Jølster.

Mykje folk

Arrangementet samla mykje folk, og på friluftsgudstenesta søndag var heile 150 menneske til stades, ifølgje speidarsjef Mona Årdalsbakke. Etter gudstenesta gjekk siste øving i femkampen, hinderløype, av stabelen.

– Det var ei skikkeleg tøff løype, kunne Madelen Vadstein frå Volda fortelje. Saman med to kompisar kapra ho andreplassen i femkampen, noko dei tre sunnmøringane var godt nøgde med.

Eit lag med tre jenter frå Bergen hadde ikkje vore på femkamp før, men tykte dei hadde hatt ei fin helg.

– Det var fint å ligge i telt sjølv om det var litt kaldt første natta, men hinderløypa var tøff, kunne Ida Lien-Nielsen fortelje. Saman med lagvenninnene var ho i sving med riving av telt då vi snakka med dei.

Les meir i papirutgåva onsdag.