Siste frå politiloggen. (Illustrasjonsfoto)

To til legesjekk

To personar vart køyrde til legesjekk etter at ein bil køyrde av vegen på E39 ved Ålhus i sekstida onsdag morgon.

Det kom raskt to ambulansar til staden, og politiet melder om mindre personskader.

I utforkøyringa tok bilen med seg ein stolpe slik at straumleidninga som var montert i den kom nær vegen, og E39 var difor stengt ein halvtime inntil staden var rydda. Klokka 07.27 kunne vegmeldingssentralen melde at vegen var open igjen.

Det hadde vore ei roleg natt for politiet fram til då, og litt før klokka seks tvitra politiet nettopp det. Ein god halvtime etter kom meldinga om uhellet. – Det kunne ikkje vare, skriv politiet på twitter






 

Ein mann i 30-åra er alvorleg skadd og vart frakta med helikopter til Haukeland universitetssjukehus etter ei klatreulukke i Sogndal tysdag kveld. Personen vart funnen i bratt lende, og både eit Sea King-helikopter, Norsk Luftambulanse og Røde Kors vart kalla ut.



Ein mann er meldt for oppbevaring av narkotiske tablettar etter at han vart stoppa i Florø sentrum tysdag.



Fem personar fekk beltegebyr og fire fekk forenkla førelegg for handhalden mobiltelefon under ein kontroll på rv5 ved Måløybrua tysdag ettermiddag.

På Kinnvegen i Florø fekk tre personar beltegebyr, tre fekk forenkla førelegg for handhalden mobiltelefon og to fekk parkeringsgebyr.



I Selje avskilta politiet ein bil som ikkje var framstilt for kontroll tysdag.