Home   >   Nyhende   >   To slåstkampar

Illustrasjonsbilete.

To slåstkampar

Både i Sogndal og i Balestrand var det slåsskampar natt til torsdag.

Klokka 01.00 vert det meldt om slagsmål i Balestrand sentrum. Det hadde roa seg før politiet rykka ut, men saka vert følgt opp, melder politiet.

40 minutt seinare vert det meldt om slagsmål i Sogndal sentrum. Då politiet kom til staden var den eine parten forsvunne. Også her vert saka følgt opp.

Elles vart det ei roleg natt etter ei travel natt til 17. mai.

I Florø fekk politiet 17. Mai inn ein bilnøkkel som ble funnet i Florø sentrum, og etterlyser eigaren, og på kvelden vert ein Border collie meldt sakna i Sogndal.