Laurdags kvelden kan du oppleve triveleg selskap med to kjende sogningar på Karnilstunet, Ottar Wiik og Jens Brekke.

To kjende sogningar opnar Jeremias-festivalen

Førstkomande laurdag vert det første avfyring i tretrinnsraketten som årets Jeremias-festival legg opp til. Då er det sommarfest i Karnilstunet med to kjende sogningar i hovudrolla.

Dei fleste kjenner vel duoen Jens Brekke og Ottar Wiik. Brekke er ein framifrå formidlar av Per Sivle si dikting, men har også skrive og framført ei rekkje eigne viser og forteljingar.

Ottar Wiik har skrive viser om livet langs vestlandsfjordane. Om regn, rundballar og ikkje minst alt statistikken kan fortelje.

Den både musikalske og verbale konserten har dei kalla “Her langs Fjorden”, og den vil føregå innandørs i det historiske og levande tunet.

Med på festen vert også Grannelaget, som syter for velklingande underhaldning og dans både utanfor og innanfor ladeveggane. Undervegs vil ein også få vite meir om Jeremias-festivalen i år, som skal ha to arrangement til. Det andre går 20. august i Frislid-laga, medan avslutninga på årets femårsjubileum vert den 11. november i Aulaen.