Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Tilbyr det gode «Stabbursliv» under høge fjell i Hyefjorden

Med over tusen meter høge fjell, ein vakker fjord og eit kulturlandskap som stort sett består av bratte bakkar som ramme, driv Anne Karin og Oddvin Kleppenes serveringsverksemd i det gamle stabburet på Kleppenes. Tilbodet er blitt svært populært. – Stort sett er det hyarar og glopparar som kjem, men vi har hatt selskap både frå Styn og Florø, fortel Anne Karin.

Tilbyr det gode «Stabbursliv» under høge fjell i Hyefjorden

– Vi såg det gjekk an å få til noko på stabburet, men vi hadde aldri trudd det skulle bli så populært som det er blitt, seier Anne Karin og Oddvin Kleppenes.

Den tradisjonelle gardsdrifta er for lengst avvikla – dei bratte bakkane under 1200 meter høge Jura på Kleppeneset på austsida av Hyefjorden egnar seg ikkje for moderne landbruk. Likevel er aktiviteten i tunet i periodar høg, det er nemleg mange som vil oppleve stabburslivet på den einbølte garden.

Året rundt

– Stabburet vart ikkje brukt til noko, vi rydda det ut med ønske om å lage det til betre enn det var.

Selskapslokalet. Grønfargen på veggane er den same som stova i bustadhuset opphaveleg var måla med.

Anne Karin og Oddvin Kleppenes har teke ein pust i bakken og benka seg i stabburet som ein trygt kan slå fast har fått nytt liv. Frå å vere eit rotehus nytta som lager for ting og tang, er det blitt eit innbydande selskapslokale med plass til grupper på inntil 24 personar.

– Vi tok ned skiljeveggane og gjorde det om til eitt rom. Så måla vi, la inn straum og fekk på plass varmepumpe. Seinare vart loftet laga til, fortel Oddvin.

Ein venegjeng vart invitert for å prøve ut dei nye fasilitetane. Sidan har det berre balla på seg. Så langt i år har meir enn 30 selskap funne vegen opp den bratte og svingete vegen til gards og inn i det lune stabburet der den heimelaga maten blir servert.

– Det siste halvanna året har det auka på. No er det ikkje berre om sommaren vi har selskap, vi har bestillingar midt på vinteren òg, seier Anne Karin.

Stabbursloftet er fint stelt til og innreia. Her kan ein trekkje seg tilbake etter eit betre måltid i etasjen under.

– Ryktet har spreidd seg

Det er ho, saman med dottera Bodil og svigerson og kokk Ståle Randal i Førde som har utvikla konseptet som blir marknadsført under namnet Stabbursliv. Det vil seie, så langt har marknadsføringa vore svært så sparsam – utan at det har hindra stadig nye gjestar å ta turen til Kleppeneset.

– Ordet har gått på folkemunne og ryktet har spreidd seg, men vi har nettside og nyleg har vi fått laga ei brosjyre, fortel frua på garden.

Så langt i år har meir enn 30 grupper vore innlosjerte og serverte på det vesle stabburet. Fleire skal det bli.

– Vi har ofte hatt to selskap i veka, også framover er mykje booka inn. Det har vore mange blåturar, feiring av bursdagar, og firma som har markert at tilsette skal slutte, fortel Anne Karin.

Svigersonen står bak ein tapasmeny som må seiast å vere Stabbursliv sin spesialitet, men menyen blir tilpassa etter kva gjestane ønskjer.

– Vi lagar middagar, koldtbord og tallerkenmenyar, fortel ho og legg til at verksemda også driv med catering.

All mat er basert på reine råvarer og blir laga frå botnen. I hovudsak lagar Anne Karin all maten sjølv, men når talet gjestar blir over 15, kallar ho inn hjelp.

Tunet på Kleppenes med utsikt innover Hyefjorden. Garden ligg om lag midt mellom Hestenesøyra og Straume i Hyen.

Liv i tunet

Mellom munnfullane på stabburet kan gjestane vandre fritt kring i det koselege og velstelte tunet.

– Aktiviteten skaper liv i tunet. Det var ikkje meininga å gjere så mykje ut av det, men det er blitt veldig kjekt, understrekar Oddvin.

Han ser på seg sjølv som ein biperson i det heile, men han spelar ei viktig rolle i oppussing og vedlikehald av tun og bygningar. Mellom anna har han gjort om det gamle mjølkerommet i fjøsen til eit tipp, topp moderne kjøkken heilt i Mattilsynet si ånd.

Og snart får han meir å henge fingrane i. Fjøsen står tom, der er potensialet stort.

– Vi har planar om å gjere han om til selskapslokale. Alt som er der skal rivast ut, vi veit korleis vi vil ha det, seier han.

Om det går slik ekteparet tenkjer, står dei nye lokala med plass til minst 150 gjestar, sanitæranlegg og garderobe, ferdige våren 2019. Då opnar ein ny marknad seg.

– Då tenkjer vi bryllaup og konfirmasjon, fortel Anne Karin.

Detaljar frå tunet.

– Nesten umogleg å drive

Sjølv om dei ikkje kan seiast å vere heilt unge lenger, ser ekteparet framover.

– Det er veldig motiverande å høyre at mange er positive til det vi gjer, så vi ønskjer å halde fram med dette så lenge helsa held.

Dei tok over garden etter Oddvin sin onkel i 1974, og dreiv lenge med mjølkeproduksjon og pelsdyr, seinare med sau. Men for eit drygt tiår sidan var det slutt på alt dyrehald. Tilbake til tradisjonell gardsdrift med husdyr skal dei definitivt ikkje.

– Vi er glade for at den tida er forbi. Garden er bratt og nær umogleg å drive. Det var ikkje så farleg før, då nesten alt i hop var manuelt arbeid, men etter som det vart meir maskinell drift, vart det verre, seier Oddvin.

– Vi unner ikkje nokon å starte i desse bakkane, supplerer Anne Karin.

Men om lite tyder på at Kleppenes gard igjen blir driven på klassisk vis, bør ekteparet si satsing på ein ny nisje ha gjort det meir interessant for komande generasjonar å busetje seg og føre livet på den meir enn 400 år gamle garden vidare.

Det i seg sjølv er av stor verdi.

Anne Karin har gode arbeidstilhøve i det nye kjøkkenet i lada.

Saka vart først publisert i papirutgåva 7. juli 2017.