– Jeremiasorkesteret skal ta Jeremiasfestivalen heilt tilbake til røtene i folkemusikken, seier Svein Hjellbakk (bak t.h.).

Tilbake til røtene med Jeremiasorkesteret

Jeremiasfestivalen er like rundt hjørnet og den siste av årets mange musikkfestivalar i Gloppen. I tur og orden har folk fått med seg Norsk Country Treff, Glopperock, Gloppen Musikkfest og Fjord Blues. No får Jeremiasfestivalen æra for å setje eit verdig punktum for festivalåret.

Nytt orkester

Og det blir det. Jeremiasfestivalen er ein folkemusikkfestival. I fjor var Jeremiasfestivalen maksimalt uheldig. Eit forrykande uvêr gjorde at to av gruppene ikkje kom seg fram, medan den tredje vart kraftig forseinka. Likevel kom festivalen ned på beina. Dette året blir den tredje Jeremiasfestivalen, og styreleiar Svein Hjellbakk har teke initiativ til å etablere eit Jeremiasorkester med til saman 18 velrenommerte folkemusikarar frå Nordfjord.

– Gjennom orkesteret vil vi dette året drage folkemusikken heilt tilbake til røtene, seier Svein Hjellbakk. Han spelar også i Honndalsmusikken som nyleg fekk Folkelarmprisen for cd-en ”Brylljaupsafta”.

Les heile saka i papirutgåva fredag.