Siste frå politiloggen. (Illustrasjonsfoto)

Til sjukehus etter trafikkuhell

Ein person med lettare skader vart frakta med ambulanse til Førde sentralsjukehus etter eit trafikkuhell på E39 mellom Helgheim og Skei søndag kveld.

Det var ein person involvert, og han skal ha køyrt av vegen og treft ei gravemaskin.



To personar melde seg i fin form etter at eit jordras vart oppdaga ved Siljarheim i Aurlandsdalen søndag kveld. Det var turgåarar som varsla om raset, og luftambulansen vart sendt opp for å sjekke om nokon hadde vorte tekne. To personar hadde gått opp til Siljarheim på fredag, og luftambulansen fekk etterkvart kontakt med dei to og kunne rapportere at alt stod bra til.



Ein person mista førarkortet i ein trafikkontroll på rv5 ved Hovland i Eikefjord. Bilføraren hadde passert i 126 km/t i 80-sona. I tillegg fekk tre førarar forenkla førelegg, høgast fart av desse vart målt til 101 km/t.

16 personar fekk forenkla førelegg i ein fartskontroll ved Bjørnset i Flora på rv5 søndag. Høgaste fart var 115 km/t i 80-sona.