Til nabolaget

Endeleg vert det snakka seriøst om utflytting av statlege arbeidsplassar frå Oslo. Det er bra.

Men når det skal skje noko i praksis, viser det seg at ein slett ikkje tenkjer seg nokon lang tur med flyttebilen. Det blir innanfor nabolaget. Og ein brukar dei argumenta som passar for å få det til. Slik er det når Politidirektoratet skal samle og bygge opp politiet sine økonomi- og rekneskapsfunksjonar i ei stor og samlande eining. Ein snakkar om 70 arbeidsplassar, som kan bli ei skikkeleg vitaminsprøyte for eit område i distrikts-Noreg, i staden peikar direktoratet på Drammen!

I Florø og Sogn og Fjordane har ein hatt eit håp om å få tilført nye arbeidsplassar og funksjonar i politiet, etter sentraliseringa av politidistriktet og at operasjonssentralen vart flytt til Bergen. Men den gang ei, kan det sjå ut til. Politidirektoratet har sett på ni aktuelle stader, der alle ligg i rimeleg køyreavstand frå Oslo. Ikkje ein einaste plass utanom Austlandet er vurdert. Florø var i likskap med resten av landet, nulla ut frå start av, fortel Firda. Dei plassane som er vurdert som aktuelle er: Lillehammer, Gjøvik, Hamar, Ringerike, Drammen, Tønsberg, Sandefjord/Larvik, Grenland og Fredrikstad/ Sarpsborg.

Les heile leiaren i papirutgåva måndag.