(Illustrasjonsfoto)

Til Førde med luftambulanse

Ein person vart sendt med luftambulanse til Førde sentralsjukehus etter ein motorsykkelvelt ved utgangen på Lotetunnelen torsdag kveld.

Det var ingen andre enn føraren av motorsykkelen involvert i hendinga, melder politiet. Tunnelen var stengt i ein time før til vegen var rydda og klar igjen. Fredag melder NRK at personen er lettare skadd etter uhellet.

• • •

Ei utanlandsk kvinne i 60-åra vart sendt til Førde sentralsjukehus etter ei dykkarulukke i Florø rundt midnatt natt til fredag. Tilstanden til kvinna er kritisk ustabil melder Helse Førde AMK. Kvinna skal ha vore i eit følge som dreiv dykking ved Krokane.

• • •

I Bremanger tok ein cabincruisar fyr ved kai i tretida natt til fredag. Naudetatane rykte ut, men kunne lite gjere. Båten sokk ved kai. Ingen personar er skadd, melder politiet. Brannårsaka er ikkje kjend.

• • •

I Vågsøy vart ein mann i 30-åra sett i arresten etter at han ikkje følgde politiet si pålegg om å forlate Måløy sentrum. Han var saman med ein annan mann bedt om å forlate ein utestad på staden, men begge nekta. Dei nekta også å følgje pålegg frå politiet om å forlate sentrum, og til slutt vart det arresten for den eine av dei.

I Årdal måtte politiet køyre vekk ein rusa person frå Meieriparken etter at han forstyrra ro og orden.

• • •

Tre førarar fekk forenkla førelegg etter at UP Sogndal heldt fartskontroll på Fv53 i Årdal. Høgste fart var 102 km/t i 80-sona. 35 førarar vartkontrollert for promille, og her var alt ok.

Seks førarar fekk forenkla førelegg etter ein laserkontroll UP og politiet heldt på Totland i Vågsøy torsdag. Høgste fart var 101 km/t i 80-sona.