– Det er viktig for oss å tene pengar. Vi investerer tøft og driv eit aktivt utviklingsarbeid, seier dagleg leiar Tor Øyvin Aa, som kan glede seg over eit svært bra 2014 for båtbyggjarane i Hyen.

Tidenes beste for Brødrene Aa

Med ein omsetnad på 256 mill. kroner og eit resultat på vel 24 mill. i overskot før skatt, kan Brødrene Aa i Hyen notere seg for tidenes beste resultat i 2014.

– Det er eit godt resultat. Det er viktig for oss å tene pengar no, seier dagleg leiar Tor Øyvin Aa.

– Vi har hatt eit godt år med stor aktivitet, slår Tor Øyvin Aa fast. I fjor leverte dei heile seks nye båtar til den norske marknaden. Det syner også att på resultatet.

Enorm omsetningsauke
Overskotet før skatt i fjor på 24 mill. kroner, var åtte mill. betre enn i 2013. Resultatet etter skatt vart på 18 mill. kroner i 2014, mot 12 mill. året før.

Omsetningsveksten dei siste åra har vore formidabel hjå Brødrene Aa. I 2013 var omsetninga på 203 mill. kroner, medan den hadde auka til 256 mill. i fjor. Frå 2012 har auken vore på over 150 mill. kroner. Også resultatet har betra seg år for år.

– Dei tre siste åra har vi hatt ein fin auke av resultatet. Eigentleg starta det for fem år sidan, men så fekk vi problema med ein båt som kosta oss ein del, seier Aa.

Les heile saka i papiravisa fredag.