Tredjeplass i slegge for Thomas Mardal i nordisk U20

Thomas har kasta

Hadde ikkje full klaff under kvalifiseringa i diskos i junior-VM i dag. Men ikkje langt frå finale.
Thomas Mardal, Gloppen FIL enda som nr 22 i diskoskvalifiseringa med 55,82m i ei rekordstor diskosgruppe med heile 45 deltakarar i junior-VM i Polen i dag.I si kvalifiseringsgruppe, det var to grupper totalt, enda han på 11. plass. Kvalifiseringsgrensa for direkte finale var 59,00 meter, men dei 12 beste går uansett til finale. Siste finaleplass gjekk til Cleverson Oliveira frå Brasil med 57,62. Mardal sin personlege rekord og årsbeste før VM var 57,73m. Det ville altså halde til finale i dag.
- Thomas er i veldig god form, og har mykje inne. På oppvarminga hadde han fleire kast som hadde halde til finale, men når alvoret kom ville han nok ta i litt ekstra. Og då vart det litt små tekniske ting som ikkje stemde heilt. Det første kastet var nær, men gjekk for høgt, seier trenar og fader Ole Morten, som er med juniorlandslaget som trenar til Polen.
- Det er slik det er. Det er små marginar i tekniske øvingar. Thomas er ung og har mange meisterskap føre seg, det å delta på dette nivået her er flott læring for han. Eg trur ikkje han var spesielt nervøs, men kanskje vart han for offensiv og ville for mykje. Det er ein hårfin balanse dette, seier Ole Morten.
Han ser ikkje vekk frå at Thomas vil varte opp med andre lengder til NM neste helg, eller junior-NM helga etter. Også nordisk meisterskap kjem snart og der vil han møte igjen eit par svenske konkurrentar.
- Med litt seinka skuldrar trur eg han kan perse seg solid, for formen er absolutt bra, seier Ole Morten. Team Mardal ser fram til sesongen vidare, sjølv om det ikkje vart full klaff i dag.