Rådmann Børge Tvedt legg fram tertialrapport i minus.

Tertialrapport med underskot

Til formannskapsmøtet kommande torsdag legg rådmann Børge Tvedt i Jølster fram ein tertialrapport som i sine prognoser spår eit underskot på årets kommunerekneskap på 4.6 millionar.


— Prognosen er rekna ut frå rekneskapstal pr. august 2016. Tala er vurdert ut frå revidert budsjett der 1,9 mill. kr. skuldast overforbruk i drifta, medan 2,7 mill. kr. skuldast lågare inntekt enn budsjettert, skriv rådmannen.

Mindre til flyktningbusetjing

Sjølv om det totale biletet spår underskot, så er det likevel stor skilnad på korleis balansen mellom forbruk og budsjett ser ut mellom einingar og fagfelt.

Eit område som merkar seg ut med mindre forbruk enn budsjettert er busetjing av flyktningar. Her ligg det an til eit mindreforbruk på i overkant av ein million. Også Langhaugane barnehage kjem godt ut med ein prognose som syner forventa mindreforbruk på 826 000.

Meir sosialhjelp

Tertialrapporten syner at NAV, sosialtenesta, er den delen av budsjettet som ligg an til å få den største sprekken. Her syner prognosane eit forventa overforbruk på 1.6 millionar. Innan drift og kommunalteknikk ligg det an til ein sprekk på 650 000 medan skulane kjem ut med litt overforbruk. Skei skule ligg an til 250 000 i avvik, medan Vassenden kjem ut omtrent på budsjett.

Vi finn også at prognosane syner overforbruk både i sentraladministrasjonen, i legetenesta, helse og sosial og næring og miljø. Største sprekken finn vi likevel på det som heiter finansielle føresetnader, altså kommunale inntekter, der prognosane legg opp til ein svikt på 2.7 millionar.