Til hovedsiden
  DI LOKALAVIS FOR GLOPPEN OG JØLSTER,  onsdag 08. sep 2010
Send oss dine tips!
 

  FRAMSIDA

   NYHENDE


Gloppen
Jølster
Sport
Kultur
Dagens Leiar
Andre nyhende
Finn nyhende:

   AKTUELT
Ledige stillingar
Bildeglimt
 
   MARKNADSPLASSEN
Ledige stillingar
Marknadsplassen
Rubrikkar
Send inn annonse

   FIRDA TIDEND
Annonsefrist
Annonseprisar
Fakta om avisa
Kontakt oss
Opningstider
Redaktøransvar
Tilsette
 
Teikn abonnement!

   ANNA
Lenker
Tips oss
 
   MEININGSMÅLING
Er det tull å bruke tid og ressursar på ei ny utgreiing av traseen for E39 mellom Skei og Ålesund?
Ja
Nei
Bryr meg ikkje
Svar til no: 215
Bryr meg ikkje: 1.86%
Ja: 42.79%
Nei: 55.35%

Stilling ledig

Bruktbil

Utvikla av
InBusiness AS

Frå kamporgan for bonderørsla, til lokalavis for distriktet

Firda Tidend kom første gong ut tysdag 1. juli 1924. Då med vossingen Johan Lid som redaktør. Avisa har gått frå å vere eit kamporgan for bonderørsla, til å bli ei lokalavis for Gloppen og Jølster kommunar. Det var skipinga av Bondepartiet i 1920 som var utgangspunktet for Firda Tidend.

I 1967 vart Firda Tidend formelt reorganisert og L/L Senterpartibladet skipa. Forutan Senterpartiet sine organisasjonar, vart handelslaga i Gloppen og Breim aksjonærar og i tillegg 16 Senterpartimedlemer i lokalpartia.

Det første styret i L/L Senterpartibladet såg slik ut: Reidar Mardal (formann), Ingebrigt Øvreseth, Kjell Råd, Abel Straume og Kristoffer J. Rygg (styremedlem).

I 1981 tok L/L Senterpartibladet aksjane i Solglimt Trykkeri i Bukta. Styret for Senterpartibladet utgjorde frå då av også generalforsamlinga i Solglimt Trykkeri. Same året vart også dei tilsette representert i styret møte og talerett.

I dag kjem avisa ut tre gonger i veka - måndag, onsdag og fredag. Redaksjonen og trykkeriet har kvar sine lokalitetar. Trykkeriet er framleis i Bukta, medan redaksjonen er å finne i Skarsteinhuset i Nordstrandsvegen.

Senterpartiet sine organisasjonar er største eigar av konsernet med 45 prosent av aksjane. Resten er eigd av fleire lokale småaksjonærar.

Firda Tidend har i dag 12 tilsette i redaksjon, administrasjon og produksjon.

Styret:
Styreformann: Ingebrigt Øvreseth
Nestformann: Per Rune Vereide
Styremedlemer: Abel Straume, Anders Ryssdal, Jan Nik Hansen og Terje Paulsen.

Redaktør: Bjørn Grov
Dagleg leiar: Bertil Sande

Tidlegare redaktørar i Firda Tidend:
1924-1929 Johan Lid
1929-1930 Martin Loftesnes
1930-1966 Anders Øvreseth
1967         Karl Kolstad
1967-1968 Kjetil Sandåsen
1968-1974 Gunnar Nygjerd
1974-1977 Ola Rolf Gloppestad
1977-1979 Vidar Eikrem
1979-1987 Bjørn Grov
1987-1988 Anders Ryssdal
1988-1996 Bjørn Grov
1996-1997 Jan Nik. Hansen
1997-         Bjørn Grov

Nettsider: Firda Tidend