Home   >   Kultur   >   Tek gjestene med på ei tidsreise

– Kring på gardane var det tidlegare vanleg at husa vart sett i klynger. Her på museet har vi difor laga eit klyngetun, fortel Ruben Skinlo.

Tek gjestene med på ei tidsreise

– De skal få vere med på ei lita tidsreise. Vi skal innom hus frå 1600- og 1700-talet, men også nokre hus frå nyare tid for å sjå korleis levemåten til folk endrar seg gjennom desse hundreåra, fortel Ruben Skinlo. Han er omvisar på Nordfjord Folkemuseum.

Dei antikvariske bygningane til muséet som er ført opp i naturskjønne omgjevnader i Jølet på Sandane. Her har ein freista å skape eit gards- og utmarksmiljø slik det kunne sjå ut i Nordfjord fram til 1900.

Denne dagen er fire gjester med på ein guida tur rundt i friluftsmuseet. Ruben Skinlo stoggar først opp ved eit stabbur frå Tystad, bygd kring 1600.

– Dei gamle stabbura er ofte i god stand. Huset er reist på stabbar, anten steinar eller pålar av tre. Det vart gjort for å hindre at mus og rotter tok seg inn i bygningen. På same tid hindra dette treverket i å kome i kontakt med bakken, og det heldt seg dermed betre, fortel han, og inviterer med seg gjestene inn.

Inne er stabburet vakkert dekorert med ei slags rosemåling.

– Stabbura var ein lagringsplass for mat og såleis eit brukshus, ikkje noko praktbygg. Det er fleire teoriar om korleis målinga har hamna her. Ein av teoriane er at ein har brukt tømmeret opp att frå eit anna hus, der målinga følgde med, men ein kan ikkje vere heilt sikre, forklarer Skinlo.

Les meir i papirutgåva tysdag.