Kjem til Breim i sommar.

Tanya Tucker toppar plakaten

Norsk Countrytreff 2018 har lansert årets komplette festivalprogram, og er stolt av spennvidda i artistutvalet for årets festival.



Frå dei gamle NCT-travarane i Longhorn og G. Thomas, til nykommarane i Dylan Earl og Nashville Skyline, frå superstjerna Tanya Tucker til unggutane i Get Rhythm.

– Countrymusikk for alle

– Vi i Norsk Countrytreff gjer alt vi kan for å famne vidt – både artist- og publikumsmessig. Vi tilbyr countrymusikk for alle, frå dei aller minste i barnehagen, til dei aller eldste på eldretun og på aldersheimen i kommunen. Frå sentrumskonsertar og kyrkjekonsert til intimkonsert i Frislidlada. Og midt blant alt dette finn ein tilbodet til ungdom og vaksne på arenaen på Norsk Fjordhestgard – under Norsk Countrytreff. Og også i år har vi gått nation wide i tillegg til internasjonalt, seier dagleg leiar Arve Kleppe i ei pressemelding.


Populære Vassendgutane blir nok ein gong å sjå og høyre på den store scena på Norsk Fjordhestgard.

13 norske band
– Av lokale band frå Sogn og Fjordane kjem våre musikalske venner i Longhorn. Frå Hordaland har vi henta Håvard Skåtun og Gunslingers, medan Møre og Romsdal stiller med Sivert Bjørdal, Vassendgutane og Rotlaus. Aust-Agder stiller med G. Thomas, og frå Oppland hentar vi Get Rhythm, Hege Øversveen og Terje Iversen. Rogaland mønstrar Hanne Sørvaag, medan Buskerud stiller med Steff Nevers. Også Akershus/Oslo har fått lov å bidra musikalsk i år, med Fat Fred & The Possumhunters, seier Kleppe.

– Alle desse er med på å gjere Norsk Countrytreff til nettopp det – NORSK Countrytreff. 13 norske band, der nokre står fram som dei beste i sin sjanger, medan andre er unge, svoltne og klare for å levere stor country til eit kresent publikum.

Skandinavia og USA
Også utlandet er godt representert.

– Frå Sverige har vi endeleg fått kloa i Willy Clay Band igjen, og frå Tyskland kjem The Tumblin’ Groove for å vise oss kva country betyr i surkålens rike, fortel Arve Kleppe.

– Men også USA har fått lov til å bidra på årets countrytreff. Frå ”Over There” finn vi bluegrassbandet Nothin’ Fancy frå Virginia, den unge og framstormande artisten Dylan Earl frå Louisiana, og dei legendariske musikarane frå Music City – Nashville Skyline.

Rosina i pølsa
– Og så sjølvaste rosina i pølsa, då – Tanya Tucker, superstjerna frå Seminole Texas, som tok verda på senga som 13-åring i 1972, og som har halde det gåande med same stemmeprakt i 46 år, seier den daglege leiaren.

– Oppsummert vågar vi påstanden om at Norsk Countrytreff i 2018 har treft alle som føler at dei har eit forhold til country i form av bluegrass, folk, americana, outlaw, festcountry, norsk country, honky-tonk, roots, folkrock, rockabilly, countryrock, outlaw og… country. Dette skjer altså i vesle Breim – i Gloppen kommune. For 24. gong, sluttar Arve Kleppe.