Tanya Tucker kjem til Breim i sommar.

Tanya Tucker kjem

Norsk Countrytreff er stolte av å presentere ei av dei største countrystjernene dei siste 45 åra til årets countrytreff på Breim; Tanya Tucker. I tillegg får vi eit svært hyggeleg gjensyn med dei unge Johnny Cash-gutta i Get Rhythm – og ikkje minst stiller Vassendgutane igjen på scena for å runde av fredagskvelden!

Norske «Get Rhythm» gjorde sitt inntog på festivalscena på Norsk Countrytreff i 2017, og talet på haker som traff golvet var stort. Ein snakkar om ein ung gjeng musikalske stjerneskot som trakterar nestor Johnny Cash som om dei var kloningar av sjefen sjølv. Dei leverte eit fyrverkeri av ein konsertopplevelse i Kolbeins Saloon, og vi hadde ikkje anna val enn å hente dei attende for ein ny dose Cash-magi.

Festcountrybandet «Vassendgutane» avsluttar igjen fredagskvelden på Norsk Countrytreff, slik dei har hatt «for vane», og dei som var til stades på fredagskvelden på NCT2017 kan skrive under på at gutta frå Ørsta sette fyr på festivalen! 26.mai 2018 slepp dei sitt neste album, og du får det heile servert ferskt og live på Hesjestauren! I mellomtida kan vi berre rope SKRU OPP!!

Tanya Tucker slo igjennom som 13-åring i 1972, med låta som skulle bli hennar første og kanskje største hit i over ei 46 år lang artistkarriere. Med låta «Delta Dawn», skrevet av Larry Collins og Alex Harvey, gjekk ho rett inn på A-laget blant amerikanske countryartistar – og blei der. Columbia Records freista i starten å skjule det faktum at unge Tucker berre var 13 år, men då dette blei kjent, var sensasjonen eit faktum. I åra som kom, kom Tanya Tucker ut med fleire store hit’ar; Texas (When I die), Blood Red And Going Down, What’s Your Mama’s Name, Child og San Antonio Stroll, for å nemne nokre.

Med ni Grammy-nominasjonar i perioden 1973 til 1994, 24 albumutgjevingar, to live-album og fast inventar i alt av lastebilar og anleggsmaskiner i fleire tiår, er det ei sann glede å få presentere Tanya Tucker for publikum på Norsk Countrytreff 2018.

I juni 2017 blei Tanya Tucker presentert i «Rolling Stone» som «One of the 100 Greatest Country Artists of All Time», i lag med artistar som Vince Gill, Emmylou Harris, Don Williams, Hank Williams Jr, Kenny Rogers, Dolly Parton og han som først oppdaga Tanya i 72; Mel Tillis.