Home   >   Nyhende   >   Ta bilete av #skulenmin

Fotocollage med tema #skulenmin. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ta bilete av #skulenmin


Kva er skule for deg? Fylkeskommunen og fylkesarkivet inviterer til fotokonkurranse med månadlege premiar og ein hovudpremie på 3000 kroner.

Motiv på bileta kan vere alt frå skuleveg, skulebygningar, situasjonar og uteområde til gjenstandar som blekkhus, pennalhus, nettbrett og aktivitetar som paradis, fotball og klatrestativ. Eller noko heilt anna. Bruk fantasien og delta i fotokonkurransen på Facebook eller Instagram. Du deltek ved å laste opp biletet eller bileta dine offentleg og merke dei med emneknaggen #skulenmin.

Bileta må ha ein god tekst, og biletteksten tel med i vurderinga av biletet.

Kårar vinnar kvar månad
Konkurransen blir arrangert av prosjektet Skulen min, som er eit samarbeid mellom fylkesarkivet og fylkeskommunen. Prosjektet har dei siste åra har kartlagt skulehistorie i heile fylket. No ønskjer dei å sjå kva folk i fylket forbinder med #skulenmin. Du kan delta med nye bilete frå skulen og skulekvardagen i dag, eller sende inn gamle bilete om du har det. Bileta må du ha teke sjølv.

Ved utgangen av kvar månad vil prosjektet Skulen min gå gjennom alle opplasta bilete og velje ut eitt som vert premiert med eit gåvekort på 300 kr. I august 2018 konkurrerer alle månadsvinnarane om hovudpremien på 3000 kr.

Første frist for å sende inn bilete er 31. oktober. Følg prosjektet Skulen min på Instagram eller Facebook for meir informasjon.

Konkurransereglane finn du her.