Synnøve Nordvik levde seg inn i ulike roller under konserten i kultursalen torsdag kveld.

Synnøve briljerte med flotte ariar

Distriktsmusikarane i Gloppen serverte operaperler på rekkje og rad i kultursalen torsdag kveld. Dei frammøtte kunne berre lene seg tilbake og nyte det dei fekk høyre. Hovudpersonen på scena, Synnøve Nordvik, formeleg glitra i lånte kostyme frå Opera Nordfjord.

Synnøve Nordvik er distriktsmusikar i song i Gloppen, og har i ei årrekkje gått i lære hos den verdskjende sopranen og operasongaren Elizabeth Nordberg-Schulz.

Krevjande repertoar

Sjølv var ho godt nøgd etter konserten.

– Eg har nyleg hatt lungebetennelse, så med tanke på det, gjekk det over all forventning. Det gjekk mykje betre enn eg på førehand hadde trudd. Repertoaret er svært krevjande, og då må ein vere i god form. Men no er eg glad for at eg ikkje skal synge i morgon, slår ho fast.

Å ha dei andre distriktsmusikarane i ryggen undervegs kjendest ifølgje Nordvik trygt og godt.

– Utruleg kjekt var det også at dei unge fløytistane Ingrid og Maria Ose hadde høve til å vere med på konserten, seier ho.

Les heile saka i papirutgåva måndag.