Monica Johansson og Bo Svensson likte seg godt på Skei, men skulle gjerne hatt eit anna dansegolv.

Svenskar "gillar" dansegalla

- Kan du forstå et ein danseglad svenske kan finne på slå seg ned i Bergen? Det finst ikkje ein einaste plass der vi kan gå ut å danse til levande musikk, smilte Bo Svensson og kona Monica Johansson, begge opphavleg frå Sverige.

Vi møtte dei to danseglade svenskane under dansegallaen på Skei. Dei har budd i Bergen i fem år og reiser rundt på det meste av slike festivalar både her til lands og i Sverige.

Godt konsept

Då vi snakka med dei søndag hadde dei fått med seg første kvelden, i tillegg til gratiskonserten søndag, og dei var så langt godt nøgde med dei hadde sett, og ikkje minst høyrt.

- Konseptet her er bra, artistane er gode, men teltet kunne kanskje vore litt breiare, var dommen frå Bo som såg fram til å høyre Contrazt om kvelden der, landsmann Lasse Sigfridsson som i år har 50-årsjubileum som dansebandartist, var gjestevokalist



Kultur

- Kva er grunnen til at dansebandmusikken er så uhorveleg populær i Sverige?, spurde vi.

- Det finst kolossalt mange danseglade menneske i Sverige og så er det ein del av kulturen vår, svarde dei to som ikkje hadde vore på Skei før, men såg ut til å kose seg.

- Det er fint her, men festivalen har ein stor feil og det er dansegolvet. Det var eit messegolv, ikkje dansegolv. Det var veldig vanskeleg å danse på, så det var ikkje bra, men elles var det supert, var dommen frå dei to svenskane som bur i bubil heile året, og som snart er klare for "Dansbandsveckan" i Malung for 16.gong. Bo er også delaktig i å arrangere festivalar.



 

 

Anne Nørdsti er ei populær dame som får opp stemninga
Odd Arne Sørensen var allsangleiar under gratiskonserten
Denne karen sto ikkje på artistlista, men rusla rundt og spelte Sven Ingvars-melodiar på ein blå gitar, "The blue lady"