Home   >   Nyhende   >   Svekka økonomiske rammer

Illustrasjonsfoto Nordfjord folkemuseum.

Svekka økonomiske rammer

Pressemelding:

I framlegg til statsbudsjett for 2018 er det foreslått eit tilskot for Musea i Sogn og Fjordane på kr. 36 290 000. Dette er ein svak auke frå 2017 på om lag éin prosent, men lågare enn venta pris- og lønnsvekst på 2-2,4 prosent. I realiteten er tilskotet difor ei svekking av Musea i Sogn og Fjordane sine økonomiske rammer.

– Musea i Sogn og Fjordane har fleire viktige investeringsprosjekt som vi hadde von om å få støtte til. Nå må vi jobbe vidare for å få realisert ambisjonane våre om å vere eit framtidsretta og attraktivt
museum, seier administrerande direktør Kjartan Aa Berge.

Musea i Sogn og Fjordane er i gang med ein naudsynt og spanande strategiprosess, med målsetjing om å løfte heile det konsoliderte museet som ei eining.

– Signala frå statsbudsjettet seier oss at vi må ta nye grep og vere proaktive i møte med dei nye økonomiske rammevilkåra. Vi må tenkje nytt om korleis musea skal driftast framover, men vi er opptekne av at vi har eit samfunnsansvar som det er viktig å føre vidare, seier Aa Berge.