Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet kjem dårleg ut på ei ny meiningsmåling frå Opinion. Foto: Heiko Junge/NTB scanpix.

Svak måling for Arbeidarpartiet

Fire av ti veljarar har forlate Arbeidarpartiet sidan førre val, ifølgje ei ny måling som gjev dei borgarlege eit knapt fleirtal.


I målinga, som er gjennomført av Opinion på vegner av Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) , får Ap ein oppslutnad på 22,8 prosent. Det er ein tilbakegang på 1,2 prosentpoeng samanlikna med den førre målinga.


– Dette er ei for dårleg måling for Arbeidarpartiet. Vi taper veljarar til ytre venstre, men mest til sofaen, seier Aps partisekretær Kjersti Stenseng til ANB.


Stenseng ønskjer å vinna tilbake terreng etter målinga, som gjev dei borgarlege eit fleirtal på 86 mandat. Dette mellom anna som følgje av eit stort KrF-byks. Partiet til Knut Arild Hareide får ein oppslutnad på 5,5 prosent (+1,5 prosentpoeng), samtidig som Høgre er det største partiet i Noreg med ein oppslutnad på 26,5 prosent (-0,5).


Ifølgje valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforskning har det borgarlege partiet forsterka posisjonen sin som det største partiet i Noreg.


– Det er heilt sikkert ikkje berre eit blaff at Høgre er det største partiet i Noreg. Men i den store samanhengen betyr ikkje nokre få gode meiningsmålingar så mykje for kva som vil skje ved neste val, seier Bergh til ANB.


Målinga, som er basert på 945 intervju gjort mellom 8. og 14. mai, gjev denne oppslutnaden for dei andre partia: Frp 15 prosent (+ 1,5 prosentpoeng), Sp 10,5 (- 1,0), SV 7,1 (- 0,6), Venstre 3,8 (- 0,3), Raudt 4,4 (- 0,5) og MDG 3,3 (+ 1,4).


Alle endringane er innanfor feilmarginen. (©NPK)