Odd-Anders Grimsbø var klart raskast, men representerer Gular og vart ikkje kåra til krinsmeister.

Suverent raskast i KM-løypa

Odd-Anders Grimsbø hadde den klart beste tida blant herrane i KM i terrengløp. Merete Helgheim var like suveren blant kvinnene.

Under perfekte forhold gjekk KM i terrengløp i trimløypa i Åsen søndag ettermiddag med bra deltaking, særleg i dei yngste og eldste klassane, men kvinnene glimrar i stor grad med sitt fråvere.

Raskast

I herreklassen var Odd-Anders Grimsbø, Gular, klart raskast rundt den 3,6 km lange løypa. Han kom inn til tida 12,18. Sverre Nesdal Aske, Fj/V var ein like klar nummer to og vinnar av klasse 40-44 år. Han sprang inn til 13,02.

Merete Helgheim, GFIL, fekk løyve til å springe same distanse som herrane, men skulle eigentleg berre ha sprunge den halve distansen. Ho hadde dei fleste herrane i veteranklassane bak seg og fekk tida 13,41. Vinnar i kvinner senior vart Linda van Hulst, BBIL. Ho sprang den halve distansen og fekk tida 9,01, men den raskaste i kvinneklassen på denne distansen var junioren Sirianne Hellerud, Brodd, på tida 8,50.

Les meir i papirutgåva måndag.