Emil Skrede frå Randabygda vart årets tømrarlærling.

Stryning beste tømrarlærling i vest

Emil Skrede frå Randabygda i Stryn er kåra til beste tømrarlærling i Hordaland og Sogn og Fjordane i 2016.

Han gjekk læretida hos HS Bygg i Stryn og tok fagprøva i juni i år. No er 20-åringen fagarbeidar i firmaet, og leiar for tida eit arbeidslag i samband med Alexandra Nord-prosjektet i Loen.

«Årets lærling» i bygg- og anleggsbransjen på Vestlandet vart kåra då Entreprenørforeningen Bygg – Anlegg, Vestenfjelske avdeling, i helga feira at foreininga er 100 år.

Helene Mjånes Berge (19) frå Åsane i Bergen, som utdannar seg i betongfaget, gjekk som første jente heilt til topps i konkurransen. Ho jobbar hos Veidekke Entreprenør i Bergen. Emil Skrede tok andreplassen totalt, men var best av dei som tek utdanning som tømrar.

Premien til Emil Skrede er 7.500 kroner og eit diplom som han fekk overrekt av fylkesordførar Anne Gine Hestetun og fagopplæringssjef Torbjørn Mjelstad i Hordaland fylkeskommune.