Publikum fekk også vere med då elevar, lærarar og distriktsmusikarar framførte ”Deilig er jorden” heilt til slutt.

Strålande julekonsert av kulturskulen

Gloppen kulturskule avslutta 2014 med å levere ein strålande julekonsert i kultursalen torsdag kveld.

Flott og variert
Kulturskule hadde sydd saman eit flott og variert program til julekonserten torsdag kveld. Her kunne publikum setje seg godt til rette og berre nyte det dei fekk servert – både song, musikk og dans.

Ei dansegruppe med elleve vinterkledde jenter opna ”ballet”, etterfølgd av ein vakker duett av Magnus Andre Moritsgård og songlærar Synnøve Nordvik. Dei framførte låten ”The Prayer”, som Celine Dion og Andrea Bocelli har gjort verdskjend.

– Men det er ingen nedtur å høyre songen bli framført av Magnus Andre og Synnøve heller. Dette var fantastisk fint, sa kulturskulerektor Ann Karin Ose, som var konferansier denne kvelden.

Les meir om kulturskulen sin julekonsert i måndagsavisa.