Home   >   Nyhende   >   Strålande 17. mai

Stort tog i Breim

Strålande 17. mai

På den flotte 17. mai dagen arrangerte Sunde og Dvergsdal grendelag tog over Kjøsnesbrua i Jølster. Dette var ein av mange små grendelag som hadde sine eigne arrangement i dag.

Elles var det tradisjonell feiring av dagen både i Jølster og Gloppen. I Breim var det noko som kan vere eit rekordstort tog, og også på Skei var svært mange ute i det fine vëret.

Det er ikkje ofte eg klagar på varmen 17. mai, men i dag vart det i varmaste laget med bunad, fekk vi høyre frå ei dame på Skei.

Også på Skei var det mange som gjekk i tog i finvêret

Meir om 17. mai i papiravisa fredag