Home   >   Nyhende   >   Stortap for STIL

Gudmund Bjotveit og Sandane vart fleire hakk for små mot Studentspretten. Her er han i aksjon mot Jølster og Trond Vegard Ripe tidlegare i haust.

Stortap for STIL

Sandane tapte heile 11-1 mot serieleiar Studentspretten på Fosshaugane Campus torsdag kveld.

Studentspretten er så godt som klar for opprykk til 4. divisjon, medan STIL kjempar mot Kaupanger om den andre opprykksplassen. Sogningane har to poeng meir enn dei blåkledde med éin kamp mindre spelt.

Med berre tre kampar att å spele, er opprykk lite truleg for Torbjørn Gran sitt mannskap. Sett på bakgrunn av gårsdagens resultat, er kanskje det like greitt…