Home   >   Nyhende   >   Storkontroll av byggebransjen

Ein omfattande kontroll av byggebransjen i privatmarknaden syner at fleire firma går utanfor lovar og reglar. Her frå ein kontroll på ein byggeplass i Hordaland.

Storkontroll av byggebransjen

Ein omfattande kontroll av byggebransjen i privatmarknaden syner at fleire firma går utanfor lovar og reglar. 

Kontrollen vart gjennomført i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag 3. og 4. mai. Målet var å kartlegge omfanget av kriminaliteten innan bygg- og anleggsbransjen i privatmarknaden.

– Resultata syner at dei fleste verksemdene driv seriøst, men også at mange forbrukarar nyttar seg av useriøse selskap, eller dei går langt inn i gråsonene for kva som er lov, seier Øystein Andersen, felles talsperson for den tverretatlege kartleggingsaksjonen.

Til saman 320 medarbeidarar frå Skatteetaten, politiet, NAV, Arbeidstilsynet og lokale kemnarar utførte kontrollen av 1200 byggearbeidarar på 536 privatadresser.

Mistenker omfattande svart arbeid 

Kvar fjerde arbeider var ikkje registrert eller innmeld med løn, og over fem prosent av de kontrollerte verksemdene var ikkje registrert i mva-registeret. Dette er tilhøve som kan tyde på at det heilt eller delvis vert drive svart.

I verksemder som er registrert i mva-registret vart det avdekka uteståande skattar og avgifter for til saman 35 millionar kroner. I begge tilfelle er det grunn til å mistenke at bedriftseigarane sit att med pengane som skal finansiere velferdsstaten.

– Alle kan vere med å kjempe mot svart økonomi, og forbrukarane har eit ansvar for å sikre ein seriøst marknad. Nyttar du deg av ei verksemd som gjev valet mellom å kjøpe svart eller kvitt, er du ein del av det å oppretthalde ein useriøs og ulovleg marknad, seier Andersen.

Trygdesvindel, ulovleg opphald og farleg arbeid

I aksjonen vart til saman elleve personar utvist, og så mange som 54 personar vert utredd vidare for mogleg trygdesvindel. I tillegg vart 57 arbeidsplassar stengde grunna farleg arbeid.

– Hos nokon verksemder vert lovene og reglar brotne heilt medvite, men vårt inntrykk er at dei fleste arbeidarane ikkje er kriminelle, men på grunn av liten fagkompetanse, mangel på kontaktar og språkvanskar har mange problem med å få seg jobb. Derfor risikerer dei å bli utnytta av kriminelle aktørar, seier Andersen.

Ein slik kartleggingskontroll gjev eit situasjonsbilete av arbeidsmarknadskriminalitet. I tillegg til å sanksjonere mot firma som bryt lover og reglar, kan etatane jobbe enno meir kunnskapsbasert i framtida.

Resultat etter kontrollen: 
• 536 kontrollar heime på privatadresser.
• 1200 personar kontrollert.
• 60 team med 320 medarbeidarar frå Skatteetaten, politiet, Arbeidstilsynet, NAV Kontroll og lokale kemnarar.
• 5 prosent av verksemdene var ikkje registrert i mva-registeret.
• 23 prosent av arbeidarane som vart kontrollert hadde ikkje innrapportert løn eller var uregistrert.
• 54 personer er mistenkt for trygdesvindel og vil verte nærare utgreidde.
• 54 av personene var ikkje registrert i Noreg eller kunne ikkje identifisere seg.
• Uteståande skattar og avgifter for 35 millionar kroner i dei kontrollerte verksemdene.
• 44 prosent av arbeidarane mangla eller hadde avvik på HMS-kort.
• 1 av 10 arbeidsplassar (57 byggeplassar) vart stengt umiddelbart under kontrollane grunna farleg arbeid.
• 58 prosent av arbeidarane var norske, dei resterande hovudsakeleg frå EØS-land.
• 72 personer bortvist frå arbeidsplassen ihht politilova.
• 11 personer utvist frå Norge.

Fakta: Tverretatlig samarbeid mot kriminalitet i arbeidslivet
• Eit tverretatleg samarbeid mellom fem offentlege etatar som har eksistert sidan 2015.

• Målet med samarbeidet er å avdekke arbeidsmarknadskriminalitet. Dette kan vere brot på arbeidsmiljølova, svart økonomi, trygdesvindel, ulovleg arbeidskraft og utnytting av sårbare arbeidstakarar.

• Samarbeidet har særleg fokus på bygg- og anleggsbransjen, servering, bilverkstad og transport.

• Etatene som deltek i samarbeidet er Arbeidstilsynet, Skatteetaten, politiet, NAV og lokale kemnarar. Andre offentlege kontrolletatar vert kopla på i einskildsaker.

• Etablerte sentre for samarbeid i Oslo, Bergen, Stavanger, Trondheim og Kristiansand og Bodø. Nytt senter i Tønsberg opnar 2. juni.