Her var det ikkje verande i dag tidleg.

Storflaum i Breim

- Klokka fem sto vi opp, vi torde rett og slett ikkje ligge lenger. Sidan då har vi arbeidd med å prøve å leie vekk vatnet, fortalde Elisabeth Sårheim då vi møtte henne i dag tidleg.

Saman med Anders Skibenes og Bent Støyva hadde ho vore ute i fleire timar for å berge husa for vassmassane som fløymde nedover bakkane på Sårheim

Elva tok hus

Det var vatn på avvegar over alt i Breim i dag tidleg, men verst var det nok på Kvile der to menneske måtte evakuerast frå eit hus. Der gjekk elva fullstendig amok og fløymde rundt husa og flytta på det meste av lause gjenstandar.



Stengde vegar

Kraftig regn og torden frå 19-tida søndag kveld og heile natta og morgonen gjorde at elvar og bekkar vart fulle og vatnet tok nye vegar mange stader i Breim. Det fløymde ned over bøar, gjennom gardstun og inn i kjellarar. Fylkesvegen mellom Reed og Kvile vart tidleg stengd og etter kvart vart også E-39 stengd ved Fløtre, der vatnet fløymde over vegen.

Dramatisk i Utvik

I Utvik har fleire bygningar blitt skylt på fjorden. Det har lyna og tora i over 12 timar og brua til Rv 60 har rast ut. Innbyggarane er utan straum og vatn, og dei materielle skadane er store, melder NRK Sogn og Fjordane.

I Utvik sentrum har Storeelva gått over alle breidder. Litt lenger ut i bygda har ei garasje fare på Brulandselva og tetta elva, dette fører til at elva har teke heilt nye retningar.





 

Det som kunne flyttast på, var flytta.
Anders Skibenes var to av mange som kjempa mor vassmassane i dag tidleg.