Store vasskader i Astruptunet

Jølster kommune har oppdaga til dels store lekkasjar i galleriet i Astruptunet. Torvlaget på taket har sige nedover og drege med seg både knotteplasten og underlagspappen.

I desember i fjor oppdaga kommunen at det rann vatn ned etter ytterkledningen på enkelte punkt både på nord-, aust- og vestsida av galleriet, som ligg heilt øvst i tunet til den verdskjende kunstnaren.

Må skifte heile tekkinga

– Torvlaget har sige nedover som følgje av at torvhaldekrokane har vorte svekka over tid, og har drege med seg både knotteplasten og underlagspappen. Det viser seg at knotteplasten, som skal vere det tettande laget nedover i konstruksjonen, er slitna i festepunkta og at underlagspappen er slitna i skøytane og dermed ikkje er tett lenger, skriv rådmann Børge Tvedt i saksutgreiinga til saka som skal opp i formannskapet torsdag og seinare i kommunestyret.

Då skadane vart oppdaga, vart det i første omgang lagt presenning over taket for å unngå meir inntrenging av vatn. I mars opna Jølster kommune, saman med Nedre Jølster Bilelag, enkelte punkt i tak og yttervegg for inspeksjon.

Heile taktekkinga over taktroet må skiftast for å unngå ytterlegare skader i konstruksjonen. I tillegg bør takvindauga, som har vore eit svakt punkt, fjernast.

Les meir i papirutgåva måndag.