Her er mannskap frå Flora brannvesen på veg som dei første inn i den brannherja tunnelen under Skatestraumen i Bremanger. Foto: Flora brannvesen

Store skader i tunnelen

Dei første inntrykka frå tunnelen etter branndramaet sist veke er at skadane er svært store.
– Kablar heng ned frå taket, betong har løsna og alle kumlokka i botnen av tunnelen er av, fortel Margot Åsebø, fungerande avdelingsdirektør i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane.
Verst mot nord
Politiet har vore inne i tunnelen etter at røykdykkarane var inne, men ingen fleire kom inn før ein var terygge på at der ikkje var farlege gassar igjen. Alle som har vore inne i tunnelen har kome frå sørsida.
– Det har gått heilt greitt å ta seg ned til botnen av tunnelen og fram til det utbrente vraket.
Men ingen har vore forbi tankvogna, opplyser Åsebø.
Hengaren med bensin gjekk i fjellveggen cirka 500 meter inne i tunnelen, frå nordenden. Ved hengaren står også ein bil som er heilt utbrent.
– Skadane mot nord kan vere svært omfattande. Det kjem til å ta tid før vi kan sende inn mannskap på nordsida, forklarer Åsebø.
Statens vegvesen har ikkje registrert lekkasje av vatn i tunnelen. Det er likevel altfor tidleg å seie kor lang tid reparasjonen av tunnelen vil ta.
Arbeider med ferje
Mange arbeidar på spreng for å setje inn ferje i det nedlagte sambandet Smørehamn-Kjelkenes i Bremanger.
Etter brannen i Skatestraumtunnelen har Sogn og Fjordane fylkeskommune gitt løyve til å setje inn ferje i det nedlagte sambandet.
Statens vegvesen har levert ei hastebestilling til to reieri som har tilgjengelege ferjer.
– Saman med fylkeskommunen arbeidar vi hardt for å finne ei løysing, men kan ikkje love noko tidspunkt for når ei ferje er i gang, fortel Anders Sæternes, ferjekoordinator i Statens vegvesen.

Som vi ser er skadane i tunnelen svært store. Men det er ikkje fare for vasslekkasjar.