Home   >   Nyhende   >   Stor trafikkauke frå Anda

Sandane lufthamn, Anda. (Foto: Geir Skagen)

Stor trafikkauke frå Anda

Flyplassen på Sandane har i juli hatt ein auke i talet på reisande på nær 22 prosent samanlikna med juli i fjor.

Avinor melder om rekordsommar i for lufttrafikken, der nær fem millionar passasjerar har reist mellom dei 45 flyplassane til Avinor i juli. Det er ein auke på nær seks prosent frå juli i fjor. Veksten kjem både på innland og utland, og mange lufthamner hadde rekordtal i juli.

Fleire lufthamner i distrikta har tosifra vekst, og Avinor meiner det har nær tilknyting til ein rekordstor tilstrømming av utanlandske turistar. Her syner Avinor nokre døme:

Røros (+40,3 %)
Stokmarknes (+37 %)
Svolvær (+26,7 %)
Leknes (+27,4 %)
Sandane (+21,9 %)

– Vi er glade for ein god trafikkavvikling i sommar. Trafikktala syner at det er viktig med opninga av ein ny terminal i neste veke- Det er viktig for regionen å ha ein flyplass som fungerer godt, utan avgrensingar for dei som reiser frå Bergen – og dei som kjem til byen og regionen vår. Vi gler oss til å ønske velkommen til ein heilt ny flyplass, seier lufthamnsdirektør på Flesland, Aslak Sverdrup.