Frode Fagerli.

Stor auke i lønsutgiftene

Kontrollutvalet ønskjer ei vurdering av stillingsheimlar på administrativt nivå i Gloppen kommune. Leiar i utvalet, Frode Fagerli, viste i kommunestyret til at lønsutgiftene har auka med 16 millionar kroner frå 2014 til 2016.

– I utgangspunktet er det kommunestyret som skal opprette stillingar. Førre rådmann endra dette slik at ho oppretta stillingar viss den einskilde avdelingsleiar hadde budsjettmessig dekning for det. Det er ein radikal skilnad, meinte han.

– Veit ikkje nok

I rådmannen sin instruks som definerer kva som er delegert frå kommunestyret og ned til administrasjonen, står det at «rådmannen kan opprette stillingar viss dette direkte følgjer av eit kommunalt vedtak».

– Blir ein barnehage utvida med ei ny avdeling, må det bemanning til. Då kan rådmannen opprette stillingar, men ikkje elles. Elles er det eigentleg ei kommunestyresak. Lønsutgifter er dei desidert største utgiftene som kommunen har. Frå 2014 til 2016 auka lønsutgiftene med 16 millionar kroner. Ein del av dette er løn til sjukevikarar og slike ting. Vi veit ikkje nok om dette, og det er bakgrunnen for at kontrollutvalet prioriterer dette på topp i arbeidet vårt framover. Vi har revisorar med oss i arbeidet. Dei fortel at praksisen vi har innført er blitt meir og meir vanleg, nemleg at ein har forenkla prosessen kring oppretting av nye stillingar. Viss det skjer ein feil i ei slik sak, vil alltid kommunen bli definert som den sterke part og vi er dømde til å tape alle tvistemål. Her meiner eg det er greitt å få klare linjer som vi skal følgje, sa Frode Fagerli.

Kommunestyret slutta seg til tilrådinga frå kontrollutvalet og vedtok denne prioriteringslista som plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontroll: 1. stillingsheimlar på administrativt nivå, 2. felles prosjekt om IKT og Nordfjordnett, 3. miljø, ureining, berekraftig utvikling, 4. planarbeid.