Home   >   Nyhende   >   Stopp nedrivinga av Heimevernet!

Liv Signe Navarsete. Arkivfoto.

Stopp nedrivinga av Heimevernet!

Ordet Fritt Liv Signe Navarsete: I dag, måndag, skal Stortinget røysta over følgjande forslag frå Senterpartiet: «Stortinget ber regjeringa stanse alle pågåande nedskjeringsprosessar i Heimevernet, inkludert Sjøheimevernet, inntil landmaktutgreiinga er handsama på Stortinget»

Høgre og Frp- regjeringa ynskjer å redusere Heimevernet med 7000 soldatar. Samstundes ynskjer dei å leggje ned Sjøheimevernet. Dette er eit paradoks. Før valet i 2013 ynskte Høgre eit styrka Heimevern og ei «massiv auke» i landmilitær evne. No gjer Høgre og Frp det stikk motsette.

Noreg treng eit forsvar som set oss i stand til å takle eit breitt spekter at trugsmål. Om me skulle stå ovanfor omfattande terroråtak, press mot norsk grense, infrastruktur eller sentrale nasjonale institusjonar, eller i verste fall invasjon, må me ha folk over heile Noreg som er viljuge til å slåss for landet vårt og tryggje lokalsamfunnet sitt.

Regjeringa har alt gjennom dan såkalla «nærpolitireforma» sentralisert og svekka politiet i store deler av Noreg, mellom anna ved å leggje ned 126 lensmannskontor. På mindre stader i landet er det no knapt att politi som kan sikre tryggleiken til folk.

Nedbygginga av Heimevernet og nedlegginga av Sjøheimevernet er historielaus. I ei uroleg tid burde den nasjonale beredskapen aukast, ikkje brytast ned. Eg oppmodar deg til å ta kontakt med stortingsrepresentantane frå ditt fylke, og be han eller ho om å røyste for Senterpartiet sitt forslag om å stanse nedbygginga av Heimevernet snarast råd.

Liv Signe Navarsete
Utanriks- og forsvarspolitisk talskvinne for Senterpartiet.