Henrik Mestad er høgaktuell om dagen som statsminister i storsatsinga ”Okkupert”, søndag kan du sjå han i Trivselshagen i kjent Ibsen-drama.

Stjernegalleri til Trivselshagen

Oktober er teaterkunsten sin store månad i Trivselshagen. Heile tre gongar vitjar Riksteatret kultursalen denne månaden. Først no på søndag med det kjende Ibsen-dramaet Samfunnets støtter.

Først ute no på er eit stjernespekka elitelag med blant andre Henrik Mestad, aktuell som statsminister i TV2 si storsatsing Okkupert og Per Christian Ellefsen som vi alle kjenner som Elling. Seinare i månaden kjem Førstereis med Helge Jordal før vi avsluttar med legendariske Karius og Baktus.

Alle beundrar den eksemplarikse Konsul Bernick, som skapar arbeidsplassar og tek ansvar forbyen sin vekst. Lite veit dei at den visjonære samfunnstoppen har bygd si karriere og sitt ekteskap på ei løgn. Når sanninga om fortida tvinger seg fram, må han finne ein måte å redde sitt omdøme på. Men er han ein angrande syndar, eller er det nok ein gong spel for galleriet?

Samfunnets støtter er Ibsen på sitt mest underhaldande. Det handlar om kjærleikssvik, løgn og hemleghald. Og ikkje minst om ære, karriere og tvilsame forretningar. Spanande som ei krimhistorie, heftig som ei kjærleiksroman og like aktuell som nyhetene på tv.
Det er danske Peter Langdal som har regien og rikspressa hyllar forestillinga som har sanka terningkast 5 hjå dei aller fleste.

–Dette er Ibsen for alle, seier Riksteatret sin nye teatersjef Tom Remlov. –Og med ei oppsetning signert ein av Skandinavias største teaterkunstnarar, vil Samfunnets støtter vise va eg meiner Riksteatret skal vere: det beste for dei fleste.
Forestillinga går i Trivselshagen søndag 4. oktober.