Stinn brakke på Utvikfjellet

Betre forhold for skirenn enn det arrangørane av Even hole Cup hadde Skjærtorsdag, skal godt gjerast å få. Strålande sol, masse snø og flott preparerte bakkar var ramma rundt det tradisjonsrike rennet.



- Dette er nesten som i gamle dagar, var det ein breiming som sa, og det han sikta til var dei lange rekkjene med bilar langs riksvegen på begge sider av Utvikfjellet.



Gode prestasjonar

Vi fekk sjå mykje fin køyring og hard kniving i dei raske løypene og kampen om raskaste tid i den lengste løupa var hard for begge kjønn.

Mellom herrane var det veldig jamt mellom Reiel D. Felde og Jørgen Årøen Taklo frå Jølster etter første omgang. Då skilde det berre fem hundredelar i favør Felde, men ein like god andreomgang til Felde og litt dårlegare for Årøen Taklo gjorde at det til slutt skilde 46 hundredelar mellom dei to kompisane som begge går på skigymnaset på Oppdal. Årøen Taklo vart til slutt nummer tre.

Mellom damene var det Ingvild Fauske Dalen, Stranda IL, som var raskast. Både ho og Felde fekk kvar sin Jarlsbergost på 10 kg som premie.



Sterke lokale prestasjonar

Alt i alt stilte det 126 løparar til start og både arrangørklubben, Breimsbygda, og Jølster hadde mange deltakarar til Start. Breimsbygda tok førsteplassen i dei to eldste guteklassane, medan Jølster omtrent tapetiserte pallen i G 11-12 år. Ein jølstring mange spurde etter var Andreas Strand, mannen som sist helg vart nummer 14 i slalåm under NM. Men Strand var i Sverige for å køyre FIS-renn og skal også køyre i Finland i påska. Faren, Fabian Bergqvist, stilte til start og vart nummer fire mellom dei yngste veteranane.

 

Tradisjonen tru var sokneprest Tore Myklebust på plass for å halde gudsteneste.
statssekretær Atle Hamar hadde teke fri frå rikspolitikken i påska og stile som renndommar på Even Hole Cup
Jølster stilte med ein stor tropp på Utvikfjellet, her er mesteparten av gjengen
Elias Felde (t.v.) frå Breimsbygda og Jørgen Årøen Taklo frå Jølster går begge på Skigymnaset på Oppdal. Etter første omgang skilde det fem hundredelar mellom dei to.