Home   >   Nyhende   >   STIL/BBIL møter Tornado Måløy

Blir det ein ny siger for Sandane/Breimsbygda i kveld? Dette biletet er frå den gode kampen mot Høyang sist.

STIL/BBIL møter Tornado Måløy

Sandane/Breimsbygda sitt damelag tok ein sterk siger heime mot Høyang sist. I kveld går turen til Vågsøy.

Glopparane imponerte då Høyang vart sende heim utan poeng. Sjansane for ein ny trepoengar bør vere gode på Måløy stadion.

Det motsette oppgjeret i slutten av mai enda 2-0. Vi trur STIL/BBIL slår til med nok ein siger mot laget som berre har Studentspretten bak seg på tabellen.

I 5. divisjon for menn tapte Sandane borte mot serieleiar Studentspretten i går kveld. Dei blåkledde har spelefri i helga.

Jølster tok ein etterlengta siger mot Selje og gamletrenar Marko Tanasic laurdag. Måndag ventar Syril på bortebane. Sognelaget ligg på 5. plass på tabellen, men tapte heile 6-0 mot Stryn 2 sist. Dette er ein open kamp.