Gudmund Bjotveit.

STIL skal til Bremanger

Det brenn eit blått lys for Sandane sitt 4. divisjonsliv. I morgon må det bli tre poeng borte mot Bremanger.

Etter det stygge 4-0-tapet mot Høyang sist, har sandensarane ni poeng opp til 7. plassen som truleg gjev fornya kontakt. Det er nettopp morgondagens motstandar Bremanger som ligg på den plassen, så kampen blir uhyre viktig.

Bremanger vann 3-0 i Sandane Idrettspark i byrjinga av mai, men dei blåkledde har framstått langt betre i starten av haustsesongen enn kva som var tilfelle tidleg på året. Laget er forsterka i fleire posisjonar, og dei stygge siffera i Høyanger var ikkje illustrerande for kampbiletet.

Vi trur gjengen til Øyvind Hervik innser alvoret og kjempar til seg alle poenga på Bremanger stadion.