Home   >   Nyhende   >   STIL må stole på Jølster

Sandane kan trenge ei handsrekning frå Jølster om opprykkshåpet framleis skal leve. Begge laga spelar i kveld. Dette biletet er frå oppgjeret mellom dei to laga på Skei i juni.

STIL må stole på Jølster

Sandane møter Stryn 2 på bortebane, men skal håpet om opprykk framleis leve, bør naboane i Jølster slå opprykksrival Kaupanger på bortebane.

Etter ein ujamn haustsesong har STIL kome på etterskot i kampen om opprykk til 4. divisjon. Med tre kampar att, er det fem poeng opp til Kaupanger på den andre opprykksplassen. Sandensarane er dermed avhengige av å vinne dei resterande kampane sine samstundes som Kaupanger tapar to av tre.

I kveld reiser Torbjørn Gran sitt lag til Stryn for å møte stryningane sine nest beste. Det bør vere ei overkomeleg oppgåve. Innfjordingane ligg tredje sist på tabellen, og vi reknar med dei blåkledde er revansjesugne etter det stygge tapet mot Studentspretten sist.

Nesten like viktig som at STIL gjer sin del av jobben, er det at Jølster stikk kjeppar i hjula for Kaupanger i Sogn. Jølstringane kjem frå ein sterk 2-1-siger borte mot Syril måndag, og bør ha sjansar til å ta poeng i kveld òg. Vi kryssar fingrar for at så skjer.

I 3. divisjon for kvinner tek Sandane/Breimsbygda imot tabelltrear Sogndal på heimebane i kveld. Det motsette oppgjeret i vår enda 4-0 i favør av sogningane, men glopparane har vist gryande form med to sigrar på rad. Kjem den tredje strake i denne kampen?