Hugs bandtvangen, er den sterke oppmodinga frå sauenæringa. Illustrasjkonsfoto

Sterk oppmoding frå sauenæringa

Dette er viktig å hugse på.
Fleire gongar i løpet av beitesesongen, får ein informasjon om småfe som er skada/drepne av laushundar. Vi vil minne om at det er generell bandtvang i perioden 1. april - 20.august, skriv Sogn og Fjordane Sau og Geit i ei pressemelding.. I tillegg er det mange kommunar som har vedteke forskrift om utvida periode for bandtvang.
– Uansett bandtvang eller ikkje, så har ein plikt til å ha kontroll over hunden sin. Dette er særs viktig når ein ferdast med hund i eit beiteområde. Lause hundar i ein saueflokk kan gjere ufatteleg mykje skade og påføre dyra mykje smerte og liding. Dette gjer svært vondt for småfeeigarane. Like vondt som det er for hundeeigar, om hunden vert kravd avliva. Ein vil og oppmode hundeeigarar som ferdast i beiteområder med hunden, om å gjennomføre aversjonstrening av hunden, skriv Sau og Geit som elles ønskjer alle hundeeigarar, med hunden i band i beitesesongen, god tur i beiteområdet.
Dei minner også folk på å hugse å late att grindane.