Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson kjem til Eid.

Statsråd Robert Eriksson skal opne LA-bygget på Eid

Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson kjem til Nordfjordeid 10. august for å opne eit nytt senter for arbeid og læring, LA-bygget.

- VI er svært glade for at Statsråden har takka ja til invitasjonen til å opne LA-bygget, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

- Det å kvalifisere seg til- og ha eit meiningsfullt arbeid er for dei fleste nøkkelen til eit godt liv og god integrering i samfunnet. Målet med LA-bygget er å skape eit sterkt, samla fagmiljø for arbeidsretta opplæring, å gje arbeidstrening og innføring i arbeidslivet for menneske som står utanfor den ordinære arbeidsmarknaden både læring og arbeid. Ved å samle mange aktørar i eitt senter, sikrar vi brei kompetanse og legg til rette for samarbeid på tvers av ulike fagmiljø. Vi ser fram til å syne Statsråden det nye senteret, og å diskutere med han korleis vi best mogleg kan legge til rette for brei deltaking i arbeidslivet, seier Bjørlo.

LA-bygget er ei felles satsing mellom attførings- og arbeidsmarknadsbedrifta InVia AS og Eid kommune. Bygget ligg på Langeland rett aust for Nordfjordeid sentrum og skal innehalde både produksjonslokale, arbeidsstove, undervisningsrom, kantine, kjøken, møterom, kontorlokale og andre fasilitetar.

InVia sine ressursar i LA-bygget vil vere både administrasjon, kursavdeling og arbeidstrening gjennom oppfølging i eksterne bedrifter og eigen produksjon. Eid kommune lokaliserer flyktningetenesta, vernepleietenesta, vaksenopplæringa og dagsenter-tilbod til LA-bygget.

I tillegg til Statsråd Eriksson vil også Fylkesvaraordførar og KS-leiar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, og andre inviterte gjester vere til stades på opninga.