Satens vegvesen fann fleire manglar og regelbrot.

Statens vegvesen med storkontroll ved Kjøs kontrollplass

Fire køyretøy fekk skriftlege manglar, fem fekk bruksforbod og tre køyretøy fekk skriftlege pålegg eller vart melde. Det var resultatet då Statens vegvesen i førre veke gjenomførde ein to dagars kontroll ved Kjøs kontrollplass.

18 køyretøy vart kontrollerte, medan 998 var innom kontrollposten. Kontrollane var kombinert med spørjeundersøking om godstransporten i Noreg. 998 køyretøy vart stoppa i løpet av 2 dagar, og 490 sjåførar deltok i undersøkinga.

Reagerte på alvorlege forhold

Det var i utgangspunktet ikkje prioritert nokon kontroll, men Statens vegvesen reagerte likevel på alvorlege ting som dukka opp.

Ein sjåfør vart meld for ikkje å ha sikra lasta si tilstrekkeleg.  Han hadde to stålplater på til saman 600 kg usikra på lasteplanet.

Om desse platene hadde kome i rørsle, ville dei ha gått som ein kniv gjennom det meste dei trefte, peika vegvesenet på i kontrollrapporten.

Farleg gods

Ein lastebilsjåfør vart meld for å køyre farleg gods utan at verken bil eller fører var godkjent for denne typen transport.  Han køyrde 2700 liter diesel i ein ikkje godkjent tank på lastebilen. I tillegg skulle og sjåføren hatt godkjent farleg gods kompetanse for slik transport. Han måtte få lasta vidare på annan måte.

Ein lastebil vart kravd avregistrert på grunn av manglande innbetalte avgifter. Han fekk ordne opp i dette forholdet, og fekk deretter køyre vidare.

To førarar fekk bruksforbod på vogntoga sine på grunn av lengde og måtte korte inn før dei fekk køyre vidare.

Under ein kontroll laurdag vart 18 kjøretøy kontrollert på Kjøs. Her vart ein førar meld for brot på køyre- og kviletida. I løpet av ein periode på 39 timar og 15 minutt hadde han ein døgnkvil på kun 6 timar og 53 minutt, opplyser Statens vgvesen.