Lensmann Nils Ove Roset og politiet famlar i blinde i leitinga etter Per-Arne Hestenes.

Står heilt utan spor etter sakna

Ingen har sett eller høyrt noko til Per-Arne Hestenes (35) sidan natt til laurdag 8. november. Då var han involvert i eit trafikkuhell ved Øvresetkrysset i Breim, og vart sist sett gåande vekk frå staden. Politiet var i telefonisk kontakt med han ein time seinare, men sidan har det vore stilt. Den storstila leiteaksjonen i helga førte ikkje fram, no famlar politiet i blinde.

– Har gjort grundig jobb

– No går vi eit steg tilbake, og går gjennom materialet på nytt for å sjå om vi har oversett noko, seier Nils Ove Roset.

Om ikkje nye tips eller opplysningar dukkar opp, ser han på den fysiske leitinga ute i terrenget som avslutta.

– Vi er veldig nøgde med det arbeidet som er gjort i Breim. Vi har leita dei stadane det er naturleg å leite. Skal vi leite vidare, blir det på måfå. Røde Kors, Norske redningshundar og alle dei frivillige har gjort ein grundig og god jobb, understrekar lensmannen.

Les meir i papirutgåva onsdag.