Laurdag står Terje Sporsem på scena i Kulturhuset Trivselshagen på Sandane. Pressefoto.

Sporsem til Kulturhuset Trivselshagen

Laurdag kan du gjere deg klar til eit av årets beste og mest omtala standup-show.


Terje Sporsem si nye framsyning «Religion» har allereie begeistra både kritikarar og publikum landet over. Med sin avvæpnande og morosame stil på scena, får han både dei med ei tru, og dei som ikkje trur, til å le både av seg sjølv og ikkje minst dei merkelege hendingane som ligg bak dei fleste religionar.

Kva fekk ein gjeng trøndarar til å konvertere til islam og reise til Syria for å kjempe med IS? Kvifor protesterte ingen då Abraham ville omskjere alle? Bør ein eigentleg leve etter Dalai Lama sine visdomsord? Og kvifor ønskte ikkje Muhammed å bli avbilda? Dette er nokre av spørsmåla Terje stiller seg i det nye showet sitt.

Regi på framsyninga er ved den prisvinnande regissøren Per-Olav Sørensen, som mellom anna har stått bak verdssuksessar som «Nobel» og «Kampen om tungtvannet». Dette er Terje og Per-Olav sitt tredje humorsamarbeid.