Home   >   Fylket   >   Spente glopparar på valvake

Spente glopparar i Senterpartie på valvake. F.v. fylkessekretær Per Rune Vereide, valkampleiar Karoline Bjerkeset, lokallagsleiar Bjarne Bø og Elise Eide Dvergsdal.Foto: Aadne Gloppestad

Spente glopparar på valvake

Spenninga til å ta og kjenne på.

Det er sjølvsagt mange spente partifolk under valvaka på Scandic Sunnfjord Hotell  berre minutt før målinga kjem klokka 21.00.- Eg har ei god kjensle, seier valkampleiar for Senterpariet, Karoline Bjerkeset.  Ho håpar å nå målsetjinga om å bli størst i fylket, får to på tinget og ha framgang i alle kommunar.

-Tilbakemeldingane er gode- Eg har godt håp om å nå måla våre, smiler ho.

Vi treffer også ein annan gloppar som er valkampleiar, Torbjørn Vereide i Ap. – Det vktigaste er å få ei ny regjeringa, slår han fast. – Det har vore ei heksejakt på Støre i innspurten, eg håpar folk har tenkt politikk, seier Vereide som ikkje trur på store lekkasjar til Sp i Sogn og Fjordane. Men som uansett ser på regjeringsskifte som viktigast.

Det viktigaste er å få skifte regjeringa, seier Torbjørn Vereide, valkampleiar i Ap.

 

Sveinung Rotevatn frå Venstre og Eid er naturlegvis ekstra spent på om det blir ein ny periode på Stortinget. – Eg håpar vi skal bryte forbannelsen om annakvar periode inne og annankvar ute. Han håpar å nå resultatet frå førre val på 6,2 prosent i Sogn og Fjordane. – Kjensla er god, slår han fast.

Ein annan som vandrar spent rundt på hotellet er Høgre sin fylkessekretær, Ingvar Torsvik Myrvollen. – Eg er svært spent. Håpet om å få inn Frida Melvær har stige utover valkampen med stadig betre målingar. Men ingen ting er sikkert, slår han fast.

Og det er dei fleste samde i akkurat no.