Home   >   Fylket   >   Spelte med KORK i Trivselshallen

Simen Aabrekk, Kristina Håvik og Vegard Engeset tykte det var stas å få vere med på å framføre "Vårslepp i Fjellbygda" i lag med KORK.

Spelte med KORK i Trivselshallen

I fjor gjekk 6. klasse ved Nordstranda skule til topps i ein nasjonal komposisjonskonkurranse og vann Veslefrikkprisen 2016. I kveld framførte Simen Aabrekk, Kristina Håvik og Vegard Engeset «Vårslepp i Fjellbygda» i Trivselshallen saman med Kringkastingsorkesteret.

Etter at elevane frå Nordstranda skule vann Veslefrikkprisen i fjor, vart heile klassa invitert til Oslo for å oppleve ein draumedag med NRK sitt Kringkastingsorkester (KORK). Det var også her prisen vart delt ut.

– Uendeleg mykje finare
Då Gloppen Musikkfest og KORK inviterte til storkonsert i Trivselshallen i kveld, var det naturleg at denne komposisjonen stod på repertoaret, samt at dei som står bak komposisjonen fekk vere med. Og det gjekk strålande.

– Det var veldig nervepirrande, fortel Vegard Engeset.

– Eg var veldig nervøs før vi gjekk på scena. Det var verst i forkant, men då vi stod framme på scena gjekk det betre. Eg tykkjer framføringa gjekk veldig fint, seier Kristina Håvik.

Begge to fekk mykje skryt i etterkant.

– Det verkar som folk likte det vi har laga og at dei tykte songen var fin. Å spele det på data er ein ting, men å høyre Kringkastingsorkesteret framføre musikken vi har laga er noko heilt anna. Det blir uendeleg mange gongar finare. Det blir meir verkeleg og levande, seier ho.

Hallen ser annleis ut
– Kva handlar «Vårslepp i Fjellbygda» om?

– Det handlar om at vi slepper sauene ut på beite om våren. Eg har sauer heime på garden vår i Fjellbygda, fortel Vegard.

– Korleis var det å møte Kringkastingsorkesteret igjen?

– Det var veldig kjekt å sjå dei igjen. Det verka som dei tykte det var artig å sjå oss igjen også. Vi har gleda oss lenge til dette, og så var det kjekt å vere på konsert med orkesteret her på Sandane, seier dei to.

Dei to 13-åringane spelar handball og trenar i Trivselshallen til vanleg.

– Hallen såg veldig annleis ut i dag. Vi har eigentleg ikkje tenkt over at denne idrettshallen kunne brukast som konsertlokale. Då vi var på trening tidlegare denne veka, kunne vi ikkje bruke meir enn halve bana fordi dei hadde laga scene på den andre halvdelen. Det var litt kjedeleg. Det skal bli bra å få trene på heil bane igjen, smiler dei to.