26. november skal Ingrid W. Ose spele på Det kongelige slott i Oslo.

Spelar på Slottet

Fløytisten Ingrid W. Ose (17) frå Sandane skal spele på Slottet komande torsdag. – Eg gler meg veldig, smiler ho.

Ingrid W. Ose går i dag andre året på musikklinja på Firda vidaregåande skule. Saman med tvillingsøstera, Maria, følgjer ho det nasjonale talentprogrammet ved Barratt Due musikkinstitutt i Oslo.

Samarbeid med Slottet

– Barratt Due unge talenter har eit samarbeid med Slottet. Når Slottet får besøk, får blåsarane frå Barratt Due ofte høve til å underhalde. Kvintetten som eg er med i ved Barratt Due har fått spørsmål om vi kan spele torsdag, fortel Ingrid Ose.

Saman med fire andre unge musikarar skal ho underhalde i ti minutt.

– Kvintetten består av Dagny Mehus på fagott, Sytske Pas på horn, Oda Matilde Dalen på fløyte/obo, Daniel Ivanov på klarinett og meg på fløyte. Vi skal framføre tre klassiske stykke: ”The country dance” av Bethooven, ”Variasjonar” av Bozza og ”Divertimento nr. 1 i B-dur” av Haydn. Det er første gong eg skal spele på Slottet. Maria spelte på Slottet i fjor, i lag med den kvintetten ho er med i, fortel Ingrid.

Les meir i papirutgåva onsdag.