Home   >   Kultur   >   Spelar med sølvstrupane

30 strykarar frå kulturskulen i Gloppen og Eid held konsert i Operahuset laurdag.

Spelar med sølvstrupane

30 strykarar frå kulturskulane i Gloppen og Eid skal spele saman med Sølvguttene i Operahuset laurdag.

Etter at Sølvguttene har halde konsert på Sandane laurdag tek dei turen til Nordfjordeid og Operahuset for å ha konsert der også. Der skal dei ha samspel med strykarane som går på kulturskulen i Gloppen og Eid. Elevar frå seks år til vidaregåande skal spele med Norges mest kjente kor.